Les om lærlingen vår Mathias

Mathias var skolelei etter grunnskolen, og valgte praktisk rettet videregående utdanning der han kan kombinere jobb og skole.

Motivert av praksis

– Eg fekk høyre at det var vanskeleg å komme inn på YSK. Vi undersøkte litt og fann ut at studieplass er avhengig av å ha avtale om ein praksisplass. Då blei eg veldig ivrig., sidan eg alltid har likt å styre på i båt på sjøen. Heldigvis fekk eg sjansen til å presentere meg sjølv for sjefen på Svanøy Havbruk. Det gjorde eg og dei ville ha meg. Så då blei det skule i Måløy. Ein heilt ny skule der eg kjende absolutt ingen. Men det er så få i YSK-klassen - at der er du dømt til å bli venner. Det er ei hard linje, fortel Mathias, då vi møter han i praksis på Svanøy Havbruk sitt anlegg på Oddane sør for Florø. 

– Det er veldig kjekt her ute. Eg lærer mykje og opplever at det er ein god balanse mellom skule og jobb, understrekar han. 

Ein må stå på, men får litt betaling for jobben som lærling. 

– Eg likar å tene mine eigne pengar, smiler han. 


Fleire moglegheiter 

– Har du ein driftsleiarjobb som ditt mål? 

– Utdanninga er slik at viss eg finn ut at oppdrett ikkje er heilt tingen for meg- så har eg kompetanse vil å gå vidare på andre ting. Eg kan for eksempel begynne på båt og fortsette som matros eller eg kan begynne på høgare utdanning og ta master. Akkurat no så kosar eg meg veldig med å jobbe her.


Teamarbeid

– De jobbar mykje i team? 

– Eg får ikkje lov å jobbe åleine. Bedrifta er oppteken av HMS og det kan oppstå farlege situasjonar. VI må melde inn nesten-skader og reflektere over korleis vi kan gjere ting mykje betre neste gang. 

Svanøy Havbruk har tre lokalitetar. Ein på Austnes, ein ved Vågsøya og denne på Oddane nord for Askrova. No blir bemanninga på Oddane auka opp til fem operatørar gradvis etter som fiskemengda aukar. 

– Det kan vere ganske dårleg vêr her ute, særleg med vind frå søraust. Viss det er veldig ruskete, så gjer vi ikkje så veldig mykje ute på anlegget. Vi tek dagleg rutinar som registrering av daufisk - eller viss det ryk ein fôringsslange så må vi ordne ut med det.

– Får du tid til aktivitetar på fritida?

– Eg er ganske sliten når eg kjem heim- nokon gongar er det rett heim og sove. Eg trenar på treningssenter og løftar vekter. Det er viktig å passe på ryggen. 

– Kva er det som motiverer deg til så hard jobbing med både skule og yrkesopplæring? 

– Eg ser fram mot sluttresultatet. Viss eg jobbar hardt og gir jernet nokre år no, så kan eg velja kva eg vil seinare. 


Vil ha lokale ungdommar

Driftsjef Frode Sandvik på Svanøy Havbruk er veldig nøgd med å få ein lokal gut frå Florø under vengene:

– Ungdommane ønsker å bu heime så lenge som mogleg. På denne utdanninga har det vore flest frå Nordfjord-området, sidan skulen ligg i Måløy Det har ført til at Mowi, med mange anlegg i nærområdet, har hatt ein fordel av å få dei fleste av lærlingane. For oss er det ekstra hyggeleg at kjem ein lokal gut her frå Florø til oss.


Les hele artikkelen i Firdaposten. (Dessverre må du være abonnent)

ArkivLinda Helgaas