Møt vår nyansatte fiskehelseleder

Enda mer fokus på fiskevelferd og fiskehelse i Svanøy Havbruk

Synnøve Åhjem startet i nyopprettet stilling den 1. mai

Vi har sett behovet for enda flere dedikerte folk som har fokus på fisken, og dens velferd og helse gjennom hele livssyklusen - fra klekking til slakt. Derfor har vi valgt å styrke lederteamet med en fiskehelseleder. Vi er veldig glade for å ha fått Synnøve inn i denne stillingen, sier daglig leder Ove Inge Vågen.


Svanøy Havbruk har utmerket seg som en dedikert oppdrettsaktør med fokus på bærekraftig drift.
— Synnøve Åhjem

Dette sier Synnøve:

Mine arbeidsområder vil vere det faglege ansvaret for helse og velferd for fisk både på land og sjø, samt kompetanseheving, der eg også er ein del av leiarteamet i Svanøy Havbruk. Eg er opprinneleg Seljeværing, har blitt 31 år, og har hus og mann i Florø - så då passar det meg veldig godt å ha ein jobb her.

Svanøy Havbruk utmerka seg som ein dedikert oppdrettsaktør med fokus på bærekraftig drift. Eg beit meg merke i FoU-prosjekta med fokus på velferd; bruk av heile fisken og energiutnytting: robust ørret, konsumrogn, og bølgjekraft. Svanøy Havbruk har også eit ungt, dynamisk personale ved merdkanten, med eit erfarent leiarteam i ryggen. Som fiskehelseleiar her vil eg bli ein del av dette teamet og bistå til den positive utviklinga, og eg må innrømme at eg har latt meg fascinere av auren som matfisk.

Eg er utdanna fiskehelsebiolog ved UiB, og tok på meg ein deltidsjobb under studiet som driftsteknikar på settefiskanlegget til MOWI for berggylt i Øygarden i litt over 3 år, og rakk å skvise inn ein sommarjobb som driftsteknikar på settefiskanlegget til MOWI for rognkjeks på Fiskå, før eg vart ferdigutdanna. Som utdanna fiskehelsebiolog starta eg i Stim, avdeling Florø. Her var eg i 2,5 år - der eg etter ei tid gjekk ifrå å vere vanlig ekstern fiskehelsebiolog til fagansvarleg for marine artar, med erfaring frå Island, Norland og Vestlandet. Etter dette takka eg ja til ei stilling som fagleiar fiskehelse i Statt Torsk, der eg fekk erfaring med utfordringane tilknytta å produsere ein annan matfisk enn laks – nemleg torsken. I løpet av mine nesten 2 år i Statt Torsk var det på mange måtar ein anna verd opp mot biologi, etatar, og produksjonsplanlegging. For spesielt interesserte i rømming og gyteproblematikk for torsk, så anbefaler eg å kikke på webinaret som ligger ute på statt.no «Bærekraft og driftsøkonomi».

Mine ambisjonar i Svanøy Havbruk er å synleggjere regnbogeauren i større grad som det sunne, kvalitetsproduktet han er, fortsette den gode trenden med tungt fagleg fokus på helse og velferd, samt bidra til ein fortsatt bærekraftig produksjon av sjømat til framtidig konsum – slik at Noreg kan fortsette å vere verdsleiande som sjømatnasjon.

ArkivLinda Helgaas