Svanøy Havbruk første oppdrettsselskap i verden som tar i bruk bølgekraft

Nyhet fra Firdaposten

– Bølgjekraft er noko Europa er oppteken av. Det er eit hårete mål, men i 2050 skal 10 prosent av all kraft komme frå bølgjer.

Ein stor fordel

Det sa dagleg leiar Geir Arne Solheim i Havkraft, då nyheita om at Svanøy Havbruk som første oppdrettsanlegg i verda tek i bruk bølgjekraft på lokaliteten Sandkvia på sørsida av Svanøy blei sleppt fredag.

Det som gjer det mogleg allereie neste år, er at Havkraft har teknologien klar på pilotstadiet, med Sparebanken Vest med på laget. Solheim seier det er viktig å ha to tankar i hovudet samstundes vidare framover.

Frå utfordring til ressurs

– Det finst mange med eit kraftbehov som ikkje kan løysast av andre teknologiar. Vi har noko unikt teknologisk: Vi kan produsere den mengda kraft eit oppdrettsanlegg treng, men vi kan òg skalere opp. Det er stor fleksibilitet i teknologien.

Solheim seier dei er stolte av at dei no har både kundar og teknologi på plass.

– Det er store, spennande prosjekt på gang i andre stader, og dei kjem til å sjå til oss. Det vil komme delegasjonar frå heile verda, spår han, og kallar dette ein merkedag for både Havkraft og bransjen.

FOU-ansvarleg i Svanøy Havbruk, Solveig Willis, sa at dei er både glade og stolte over å få vere med på dette.

– Det har vore vår strategi i mange år at vi skal produsere god, rein mat med minst mogleg påverknad på miljøet.

Sidan 2020 har dei elektrifisert dei fire lokalitetene som er i bruk per i dag, noko som tilsvarar eit årleg co²-kutt på 1000 tonn. Kor mykje kraft ein kan hente ut av bølgjekraftverket, avheng av vêrforholda på staden. Og bølgjer og vêr er det nok av rundt Sandkvia, i følgje Willis.

– Men då blir dei snudde frå ei utfordring til ein ressurs, slår ho fast. 

ArkivLinda Helgaas